Georges Chastellain
Georges Chastellain (ca. 1405 eller ca. 1415-20. mars 1475) var ein burgundisk krønikeskrivar og poet, fødd i Aalst i Flandern.[1] Historiske verk av Chastellain er verdifulle for den nøyaktige informasjonen dei inneheld. Som poet var han kjend blant samtidige. Han var den store meisteren i skulen av grands rhétoriqueurs, som var kjenneteikna av svært kunstige former og ein overflod av latinismar og grekismar.
Verk
endre- Chronique des choses de mon temps, historieverk om åra 1417–74. Berre fragment er att. Verket blei halde fram av læresveinen til Chastellain, Jean Molinet, etter at meisteren døydde.
- "Louange à la tresglorieuse Vierge" (ca. 1455).
- Récollections des merveilles advenues en mon temps (Antwerpen, 1505).
- Chronique de Messire Jean de Lalaing, biografi.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Georges Chastellain» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2024.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eige: Chisholm, Hugh, red. (1911). «Chastellain, Georges». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 5 (11. utg.). Cambridge University Press. s. 958–959.
- Denne artikkelen inneheld tekst frå ei utgjeving som no er offentleg eige: Herbermann, Charles, red. (1913). «Georges Chastellain». Catholic Encyclopedia. New York: Robert Appleton Company.
- Graeme Small, George Chastelain and the Shaping of Valois Burgundy: Political and Historical Culture at Court in the Fifteenth Century Royal Historical Society, 1997 (Studies in History); reprinted in paperback by Boydell and Brewer, 2011. ISBN 978-1-843-83634-6