Geosentrisk verdssystem
Eit geosentrisk verdssystem er eit verdssystem der jorda vert rekna som det urokkelege midtpunktet i universet.
Dette systemet var det dominerande kosmologiske systemet i mange gamle sivilisasjonar, som Det gamle Hellas, inkludert systema til Aristoteles og Klaudios Ptolemaios. I dette systemet krinsa sola, månen og stjernene rundt jorda.
Kjelder
endre- «Geosentriske verdenssystemer», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014