Gijón (asturisk Xixón) er ein kyst- og industriby i den autonome regionen Asturias i Spania.

Gijón
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Asturias
Høgd m
Areal 184,31 km²
Folketal 268 561 (2024)
Postnummer 33200–33299
Kart
Gijón
43°31′46″N 5°40′38″W / 43.52931°N 5.67732°W / 43.52931; -5.67732
Wikimedia Commons: Gijón

I tidlege mellomalderdokument vert byen omtalt som Gigia. Han var ein viktig regionsby i Romarriket. Namnet vart opphavleg nytta om den vesle halvøya som i dag heiter Cimadevilla, og som tyder «toppen av landsbyen», mellom to strender. Hovudhamna, ei av dei største nord i Spania, heiter «El Musel». Gijón har kring 280 000 innbyggjarar.

Geografi

endre

Byen ligg på kysten i det sentrale Asturias og strekkjer seg frå havnivå og opp til 513 meter over havet ved Picu Samartín og 672 meter over havet ved Peña de los Cuatro Jueces. Han grenser i vest til Carreño, i aust til Villaviciosa og i sør til Siero og Llanera

Klima

endre

Gijón har eit atlantisk fuktig maritimt klima med milde temperaturtilhøve og høg luftfukt året gjennom. Somrane er varme med både overskya og solrike dagar, medan vintrane er kalde og regnfulle. Gijón har i snitt ti dagar med snø i året.

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Gijón