Gimlé
Gimlé eller Gimle (gamalnorsk gimlé, nyislandsk gimli) er i norrøn gudelære den venaste salen i Åsgard, med tak tekt av gull. Etter Den yngre Edda skal dei overlevande etter Ragnarok koma hit. Gimlé er skildra som den venaste staden på jorda, so vel som samlingssalen i Åsgard, der stridsmennene for rettferda skal koma etter dauden.
- Sal ser ho stande
- fagrar’ enn sol,
- med gull er han takt,
- på Gim-lé.
- Trivst der tyde
- trugne lydar,
- mun i alder og æve
- ynde njote.[1]
Namn
endreNamnet Gimlé har truleg samanheng med le i tydinga ‘livd’.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gimle (mytologi)» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juni 2021.