Gimsafjorden
65°13′07″N 11°43′50″E / 65.21861°N 11.73056°E Gimsafjorden er ein fjord i Bindal kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 20 km nordaustover frå øya Gimsa til Kvitingan sørvest for Torghatten.
Lenger vest ligg Horsvær, Terjan og Hensteinen og vestanfor desse igjen ligg Norskehavet. I aust grensar fjorden til småøyane Gamflesa, Horuvan og Sørflesin. Aust for desse ligg Melsteinfjorden.