Gina Storm-Jensen

norsk ballettdansar

Gina Storm-Jensen (fødd i 1995)[1] er ein prisløna norsk-tysk ballettdansar som frå 2024 dansar for Nasjonalballetten etter å ha dansa ved The Royal Ballet i London sidan 2013.

Gina Storm-Jensen

Solistane Gina Storm-Jensen (t.v.) og Fumi Kaneko ved The Royal Ballet i 2021.
Fødd 1995 (29 år)
Yrke ballettdansar

Storm-Jensen er fødd i London med tysk mor og norsk far.[2] Familien flytta til Noreg då ho var to år gamal og ho vaks opp på Vinderen i Oslo.

Utdanning

endre

Gina Storm-Jensen vart teken opp som elev på Ballettskulen på Den norske Opera som åtteåring. Som barn dansa ho mellom anna den prestisjefylde rolla som Clara i Nøtteknekkeren.[3]

Storm-Jensen gjekk ballettlina på ungdomstrinnet ved Ruseløkka skole i Oslo. I 2009 vann ho den internasjonale konkurransen Grasse International og i 2011 var ho finalist i Prix de Lausanne.[4] Etter konkurransen vart ho tilboden eit treårs stipend og opphald ved The Royal Ballet School i London der ho vart uteksaminert i 2014.[5]

The Royal Ballet

endre

Medan ho framleis var elev, vart ho tilboden kontrakt ved The Royal Ballet, og ho vart engasjert som artist i oktober 2013.[6] I 2017 vart ho forfremja til førsteartist.[7] I 2021 vart ho forfremja til solist.[8][9]

I 2021 vart ho nominert til prisen Emerging Artist under Storbritannias National Dance Awards.[10]

Nasjonalballetten

endre

I 2023 tok ho permisjon frå The Royal Ballet for å gjestedansa ein sesong ved Nasjonalballetten.[11][1]

Etter 11 år som fast tilsett forlèt ho The Royal Ballet.[12] Ho vart tilsett som solist ved Nasjonalballetten ved Den Norske Opera og Ballett i 2024.[13][14]

Prisar og utmerkingar

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Gina Storm-Jensen: – Uten sunn konkurranse har du ikke noe å strekke deg etter ⋆ Kontekst», Kontekst (på norsk bokmål), 23. oktober 2023, henta 25. august 2024 
  2. God, Vikash (1. august 2022), «Going global with Royal Ballet soloist Gina Storm-Jensen», Scan Magazine (på engelsk), henta 17. august 2024 
  3. «Møt Gina ballerina», Nettavisen (på norsk), 7. desember 2006, henta 17. august 2024 
  4. Trulsen, Ola Nymo (9. februar 2011), «Er hun vår nye ballettstjerne?», NRK (på norsk bokmål), henta 17. august 2024 
  5. Graduate Contracts 2014 - The Royal Ballet School (på engelsk), 3. august 2016, henta 17. august 2024 
  6. «Bestemte seg da hun var 5 år, nå er hun norsk stjerne i London», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 20. desember 2013, henta 25. august 2024 
  7. DanceTabs (9. juli 2017), «News – Royal Ballet Promotions, Joiners and Leavers, 2017/18 Season», DanceTabs (på engelsk), henta 25. august 2024 
  8. «Gina Storm-Jensen − Soloist». Royal Ballet. Henta 11. august 2024. 
  9. «Prestisjetung rolle for norsk ballettdanser 18. mai 2021». 
  10. National Dance Awards 2021 - nominees seeingdance.com
  11. «Norsk ballettsolist vender hjem til Operaen | Den Norske Opera & Ballett», kommunikasjon.ntb.no (på norsk), henta 17. august 2024 
  12. {{Citation|title=Gina Storm-Jensen & David Yudes leave The Royal Ballet|url=https://www.balletnews.co.uk/gina-storm-jensen-david-yudes-leave-the-royal-ballet/%7Cdate=2024-06-24%7Caccessdate=2024-08-17%7Clanguage=en-GB}
  13. «Royal Ballet Soloist Gina Storm Jensen to join The Norwegian National Ballet», www.gramilano.com (på engelsk), 24. juni 2024, henta 17. august 2024 
  14. «Gina Storm-Jensen», www.operaen.no (på norsk), henta 17. august 2024 
  15. Wilhelmsen (20. september 2021), «2021 - Gina Storm-Jensen and Lucas Lima», Wilhelmsen (på engelsk), henta 17. august 2024 
  16. «Dansetalenter fikk 800.000 kroner | Den Norske Opera & Ballett», kommunikasjon.ntb.no (på norsk), henta 17. august 2024 
  17. Mead, David (21. april 2022), «National Dance Awards 2021 nominations announced», SeeingDance (på engelsk), henta 17. august 2024