Ginger Gilmour (fødd 19. januar 1949 som Virginia Hasenbein) er ein amerikansk kunstnar, forfattar[1] og tidlegare modell[2] busett i England. Frå 1975 til 1990 var ho gift med David Gilmour, gitaristen i Pink Floyd.

Ginger Gilmour
Fødd 19. januar 1949
Philadelphia
Yrke bilethoggar, modell

Gilmour blei fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Ho gjekk ut frå Wayne High School i Wayne i Michigan med laud.[3] Deretter byrja ho eit toårig studium i kjemiteknikk og kunst ved Michigan State University.[3]

Ginger Gilmour møtte David Gilmour i oktober 1971 etter ein Pink Floyd-konsert i Ann Arbor i Michigan, der ho blei med den dåverande kjærasten sin bak scena.[4] Ho har omtalt møtet deira som kjærleik ved første blikk,[4] og dei gifta seg 7. juli 1975[1][4] med bryllauspfeiring i Abbey Road Studios. Ginger Gilmour er avbilda på innsida av albumet til David Gilmour sitt første soloalbum, David Gilmour frå 1978.

Paret fekk fire barn:[4] Alice (f. 1976), Clare (f. 1979), Sara (f. 1981, ein motestylist[5]) og Matthew (f. 1985). Barna var steinerskuleelevar.[6] Dei blei separerte under Pink Floyd sin verdsturne A Momentary Lapse of Reason Tour i 1987–89, og blei seinare skilde. Ginger Gilmour gav ut ei bok om livet sitt med han, Memoirs of the Bright Side of The Moon, i 2015.

KuntEndra

Gilmour studert med den engelske kunstnaren Cecil Collins i åtte år.[1] Ho arbeider no frå heimen sin, eit gardshus frå 1400-talet[4] nær Yapton vest i Sussex,[7] der ho har innreia fleire atelier.[4] Eit tilbakevendande tema i verket hennar er englar.[4] Gilmour underviser også i kunst[4] og ein type esoterisk healing kalla Mental Colour Healing. Ho har stilt ut ved ulike galleri og andre stader,[8] including[8] som Mall Galleries i London, Arundel Castle og den tyske ambassaden i London. Gilmour har samarbeidd med Dana Lynne Anderson og Annie Harrison frå California under merkelappen Renowned Artist.[9] Ho har laga skulpturar for utstillingshagar ved Hampton Court Flower Show og BBC Gardeners' World,[8][10] og har illustrert bøker av Phil Murray.[8] Den 3,3 meter høge (11 fot) skulpturen hennar inspirert av OL har vore installert ved Terminal 5 ved Heathrow lufthamn.[11]

Gilmour er medlem av Society of Women Artists.[4] I juni 2007 fekk ho British Red Cross Award for Services to Humanity.[8][12]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Gilmour, Ginger. «Ginger Art». Henta 15. juli 2011. 
  2. «Ginger Gilmour Model Shot (1969)». Neptune Pink Floyd. Henta 15. juli 2011. 
  3. 3,0 3,1 «Ginger Gilmour Sculptor details». ArtParkS Sculpture Park. Henta 15. juli 2011. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 Shewry, Brian (19 August 2004). «Ginger's quest is where angels are always pleased to tread». Littlehampton Gazette: 31–32. 
  5. «Sara Gilmour». Neptune Pink Floyd. Henta 15. juli 2011. 
  6. «Daily Telegraph Article: "We Don't Need No Steiner Education"». Waldorfcritics.org. Arkivert frå originalen 20. juli 2011. Henta 19. januar 2009. 
  7. «Sculpture attack casts shadow over arts festival». West Sussex Gazette (7896). 23. august 2006. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Gilmour, Ginger. «Ginger Art – retrospective». Henta 15. juli 2011. 
  9. «International Artists Herald A New Renaissance». 26. october 2006. Henta 10. september 2013. 
  10. «Wild Plants Steal the show». Plantlife. juni 2006. 
  11. «The Sky is the Limit at Heathrow Expo». BAA. 7. juli 2010. Arkivert frå originalen 14. september 2010. Henta 17. juli 2011. 
  12. «Certificate». Henta 15. juli 2011.