Giovanni Battista Riccioli
Giovanni Battista Riccioli (17. april 1598–25. juni 1671) var ein italiensk astronom og katolsk prest i jesuittordenen. Han er mellom anna kjend for eksperimenta sine med pendlar og fallande lekamar.
Giovanni Battista Riccioli | |||
| |||
Fødd | Galeazzo Riccioli 17. april 1598 Ferrara (dagens Italia) | ||
---|---|---|---|
Død | 25. juni 1671 (73 år) Bologna (dagens Italia) | ||
Nasjonalitet | Italiensk | ||
Område | Astronomi | ||
Yrke | selenographer, teolog, astronom, kartograf, universitetslærar, skribent, filosof | ||
Institusjonar | Universitetet i Bologna Universitetet i Pavia Università degli Studi di Parma | ||
Alma mater | Università degli Studi di Parma | ||
Doktorgradsrettleiar | Giuseppe Biancani |
Han var professor i filosofi, teologi og astronomi i Bologna. I 1651 kom boka hans Almagestum Novum, som var eit samanfattande verk over astronomi. Det inneheld mellom anna eit kart over månen med namn gjevne av Riccioli, men teikna av F. M. Grimaldi. Over 200 av namna (òg hans eige) går att på moderne månekart. Dei namnereglane han stilte opp den gongen, dannar grunnlaget for månenomenklaturen vår.
Ei vollslette på månen er oppkalt etter Riccioli.
Kjelder
endre- «Giovanni B. Riccioli», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014