Ei gitarstøtte er ein reiskap ofte nytta av klassiske gitaristar når dei spelar gitar. Gitarstøtta hjelper med å halde gitaren i ei særskild stilling.

Funksjon

endre

Gitarstøtta er eit alternativ til fotskammel eller pute. Støtta held gitaren slik at halsen peikar opp. Dette er ei lagleg stilling for å nå tonanegripebrettet. Med ei gitarstøtte held musikaren båe føtene på bakken, i motsetnad til fotskammel eller pute.

Festeteknikk

endre

Gitaristen kan feste støtta til gitaren på fleire vis:

1. Sugekoppar

Sugekoppane vert festa til sargen på instrumentet.

2. Klemmer

Klemmene vert festa i over sargen, og kan tilpassast etter kor brei sargen er.

3. Borrelås

Den eine delen vert permanent festa til instrumentet slik at støtta kan takast av og på.

Kjelder

endre