Gjerstad prestegard

prestegard i Gjerstad i Agder

58°52′47″N 9°01′16″E / 58.87981°N 9.02119°E / 58.87981; 9.02119

Prestegarden sett frå kyrkja i 2011
Gjerstad kyrkje og den tidlegare prestegardsbygningen der Niels Henrik Abel voks opp, like før han vart riven.
Foto: Peder Bentsen Melaas (1895)

Gjerstad prestegard ligg søraust for Gjerstad kyrkje, på den andre sida av eit jorde i sørkant av kyrkjegarden.

Både kyrkjestaden og prestegarden har røter attende åt mellomalderen. Hovudbygningen ved prestegarden er eit sveitserhus i halvannan etasje med ståande utvendig panel. Bygningen vart restaurert i 1994 og er freda saman med forpaktarbustaden frå 1850 og eit stabbur frå 1700-talet (seinare ombygd til garasje). Søraust for hovudbygningen er eit hageanlegg. Prestegarden er rekna for å ha høg verdi som kyrkjeleg kulturminne.[1]

Då dagens hovudbygning vart oppført i 1895, vart den tidlegare hovudbygningen frå rundt 1700 riven. Der voks Niels Henrik Abel opp, idet far hans var prest i Gjerstad. Ved kyrkja er ei minnebyste av Abel utført av Brynjulf Bergslien. Det lokale historielaget har laga ein kultursti i området til minne om Abel.[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Høringssvar frå Agder og Telemark bispedømeråd
  2. Gjerstad historielag