Gløshaugen
Gløshaugen er eit universitetsområde under NTNU i Trondheim. På området held fakulteta Arkitektur og billedkunst (AB), Ingeniørvitenskap og teknologi (IVT), Informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk (IME) samt Naturvitenskap og teknologi (NT) til. Gløshaugen ligg søraust for Trondheim sentrum.
Den første bygningen som vart bygd på Gløshaugenplatået var «Hovedbygget» til Norges tekniske høgskole i 1907.