Glasshytta Hegg var ei glashytte i Morokulien på grensa mellom Sverige og Noreg ved Magnor som var i drift mellom 1989 og 1995. Ved hytta arbeidde i periodar glasblåsarane Anne Ka Munkejord, Geir Olsen og Tonje Bones.[1]

Seinare starta Munkejord glasshytta i Vivestad i Vestfold og Bones og Olsen Kongsberg glassblåseri.[2][3] Olsen har etter det starta Kongsfoss Glass i Åmot i Buskerud.[4]

Kjelder

endre
  1. «Tonje Bones», Drammens Tidende (på norsk), 3. februar 2001, henta 29. august 2021 
  2. «Anne Ka Munkejord - Glasshytta i Vivestad», www.akglass.no, henta 29. august 2021 
  3. Zarbell-Engh, Bjørn (26. november 1999), «Variert på Låven», Drammens Tidende (på norsk), henta 29. august 2021 
  4. «OM OSS», kongsfossglass (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 29. august 2021, henta 29. august 2021