Glemmen
tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg
Glemmen (Glemminge) er ein tidlegare sjølvstendig landkommune i Østfold. Den låg på vestsida av Glomma. Saman med delar av Torsnes kommune vart den i 1964 slegen saman med bykommunen Fredrikstad. I dag er namnet Glemmen først og fremst knytt til kyrkjene Gamle Glemmen kyrkje (bygd 1182) og Glemmen kyrkje (bygd 1853). Namnet er også teke vare på i Glemmen Videregående Skole.