Opna hovudmenyen

Glenn Miller (1. mars 190415. desember 1944) var ein amerikansk orkesterleiar og trombonist.

Glenn Miller
Glenn Miller Billboard.jpg
Fødd 1. mars 1904
Clarinda
Død

15. desember 1944
Den engelske kanalen

Yrke jazzmusikar, orkesterleiar, komponist, arrangør, dirigent, musikar, flygar
Glenn Miller på Commons
Glenn Miller

Miller var fødd i Clarinda i Iowa. Som barn flytta han med familien til North Platte i Nebraska. Den musikalske karrieren starta då faren hans kom heim med ein mandolin, som raskt blei bytt til eit horn, som han ofte øvde på.

Miller starta i slutten på 1930-talet orkesteret som seinare blei berømt og gjorde «Miller-soundet» kjend. Blant mange kjende melodiar er «In the Mood», «Tuxedo Junction», «Chattanooga Choo Choo», «Moonlight Serenade» og «Pennsylvania 6-5000».

I byrjinga av 1940-talet medverka orkesteret i fleire spelefilmar og i 1953 kom filmen The Glenn Miller Story som handla om Glenn Miller, spelt av James Stewart, og orkesteret hans.

Miller gjorde militærteneste i US Army Air Force under andre verdskrigen, og i samband med eit tokt over Den engelske kanalen omkom han. Verken flyet eller Miller blei funne.

KjelderEndra

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.