Global Biodiversity Information Facility
Global Biodiversity Information Facility (GBIF) er ein internasjonal organisasjon som arbeider med å gjera vitskaplege data om biodiversitet tilgjengelege på Internett. Data blir levert av mange institusjonar i heile verda og GBIF gjer dataa tilgjengelege og søkbare i ein enkelt portal. Data som er tilgjengeliggjort i GBIF-portalen er primært data om plantar, dyr, fungus og mikrobar i verda og dessutan vitskaplege namn.[3]
Global Biodiversity Information Facility | |||
| |||
Skipa | 2001 | ||
---|---|---|---|
Nettstad | https://www.gbif.org |
Saman med partnarane Species 2000 og Integrated Taxonomic Information System (ITIS) har GBIF i seinare tid òg engasjert seg i Catalogue of Life.[4]
GBIF Norge
endreGBIF Norge er den norske deltakarnoden i Global Biodiversity Information Facility. Hovudoppgåva til den norske organisasjonen er å gjera primærdata om biologisk mangfald frå norske samlingar og observasjonsdatabasar fritt tilgjengeleg for alle over internett og å koordinera GBIF-relaterte aktivitetar i Noreg.[5][3]
Noreg blei med i GBIF i 2004, og Naturhistorisk museum i Oslo har vore vertskap for den norske deltakarnoden sidan han blei danna i 2005. Artskartdatabasen blei sett i gang i november 2007[3]
Kjelder
endre- ↑ Global Biodiversity Information Facility (2010) GBIF Memorandum of Understanding. https://doi.org/10.15468/doc.ajz7-qt28
- ↑ GBIF Secretariat: The GBIF Network, henta 5. juli 2022
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «About GBIF and GBIF Norway». GBIF Norway. 4. februar 2015. Henta 5. juli 2022.
- ↑ WHAT IS CATALOGUE OF LIFE? Catalogue of Life. Henta 2022-07-04
- ↑ GBIF Norge: Databaser
- Denne artikkelen bygger på «Global Biodiversity Information Facility» frå Wikipedia på bokmål, den 16. august 2023.