Globigerinaslam er ein lys, leirhaldig kalkslam, i hovudsak danna av skalmateriale frå planktoniske foraminiferar (oftast slekta Globigerina). Ein finn slammet på store havdjup frå 750 til 6000 m og dekker ca 126 mill. km² av havbotnen, det vil sei nær halvparten av djuphavsområda.

Kjelder

endre