Good King Wenceslas

«Good King Wenceslas» er ein engelsk julesong. Han handlar om den heilage kongen Venceslas av Böhmen (ca. 903/907–929/935) og medynken hans med ein fattig bonde som samla ved for å kunna varma seg på minnedagen for den heilage Stefan. Stefanusdagen er 26. desember, det vil seia på andre juledag, og Stefan er minna som den fyrste kristne martyren.

Songen «Good King Wenceslas» i Christmas Carols, New and Old

Den engelske teksten blei skriven av John Mason Neale i 1853.[1] Han fann melodien i samlinga Piæ cantiones frå 1582,[2] der han ikkje var knytt til juletida, men var brukt til vårsalmen Tempus Adest Floridum.[3] Neale og musikksamarbeidaren hans Thomas Helmore gav ut songen i Carols for Christmas-TideNovello & Co same året han blei skriven.[4][5]

Kjelder endre

  1. Margaret Vainio: Good King Wenceslas - an “English” Carol. 1999 (pdf 6,8 mb); studentoppgave fra universitetet i Jyväskylä
  2. «Piae cantiones». Cappelens musikkleksikon. Bind 5 : Musikalier - Schwegel. Cappelen. 1980. s. 357-358. ISBN 8202036887. 
  3. Lund Jensen, Anker (1972). Sing a song. Fabritius. s. 234. ISBN 8207015292. 
  4. Weller, Shane (9. juni 1992). Christmas Carols: Complete Verses. s. 19. ISBN 9780486273976. Henta 18. november 2015. 
  5. «Good King Wenceslas». Hymnsandcarolsofchristmas.com. 30. september 2006. Henta 18. november 2015.