Opna hovudmenyen

Gordon Miller Bourne Dobson

engelsk fysikar og meteorolog

Gordon Miller Bourne Dobson (25. februar 188911. mars 1976) var ein britisk fysikar og meteorolog som gjorde viktig forsking på ozon.

Gordon Miller Bourne Dobson
Fødd25. februar 1889
England
Død11. mars 1976
Oxford
NasjonalitetStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Yrkefysikar, meteorolog
Alma materUniversity of Cambridge
MedlemRoyal Society

Han var professor i Oxford og er kjent for dei grunnleggjande undersøkingane sine av ozon i atmosfæren. Ved hjelp av sitt fotospektrometer påviste han i 1920-åra hovudtrekka i variasjonen av ozonet med årstida og med lufttrykket, seinare òg den vertikale fordelinga av ozonet i atmosfæren. Dobsoninstrumentet fekk utstrekt bruk verda over, og einskilde målestasjoner har måleserier på 50 år. Nå blir òg ozonmålingane gjort ved hjelp av satellitt. Dobson har òg gjeve namn til måleininga dobsoneinig.

KjelderEndra