Gutnisk
Gutnisk og gotlandsk (svensk gutamål, gutniska og gotländska) er ei gruppe skandinaviske mål frå Gotland. Gutnisk (Gutamål) blir rekna som eit eige språk, gotlandsk som dialekt av svensk[2]. Gutnisk stammar ikkje frå den vestnordiske eller austnordiske forma av norrønt, men frå gammalgotlandsk, forngutniska.
Gutnisk | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Nordgermansk Oldgutnisk | |
Bruk | ||
Tala i | Sverige | |
Gutnisktalande i alt | 15 000[1] | |
Språkkodar | ||
Glottolog | gutn1238
|
Gutnisk skil seg frå svensk og dansk, men er likt vestnordisk, i det at det framleis har diftongar, som i bain ('bein', svensk ben, auga ('auga', svensk öga) og droyma ('drøyma', svensk drömma). Lange vokalar er diftongert, som i sväin ('svin') og äut ('ut'). Målet har bevart lang a i til dømes skal ('skål') og g, k, sk og stj, også framfor fremre vokalar.
Døme på gutnisk
endreUnder er eit døme på Fader vår på gutnisk, omsett av Jacob Tofténius på midten av 1700-talet.[3]
Gotlandsk PATER NOSTER | Svensk FADER VÅR (eldre svensk versjon) |
---|---|
Oe fadur, du sum jäst i himmelij, | Fader vår som är i himmelen, |
hailigit varde titt nafn. | helgat varde ditt namn. |
Kume ditt reike näste us. | Tillkomme ditt rike. |
warde dein wilo, sum i himmelij så ukså pa jordene. | Ske din vilja, såsom i himmelen så ock på jorden. |
De dagliga braud gif us i dag, uk fyrilat us ora skulda, | Vårt dagliga bröd giv oss i dag, och förlåt oss våra skulder, |
sum vörr fyrilatum daim, sum us skulduga järo, | såsom ock vi förlåta dem oss skyldiga äro, |
uk laid aij us in i fristelse, | och inled oss icke i frestelse, |
Men heldur freia us fra deij aumba. | utan fräls oss ifrån ondo. |
Fyr reike jär ditt u makti uk herlighaiti | Ty riket är ditt och makten och härligheten |
i fran nå u i aiwiga teida. | i evighet. |
Amen. | Amen. |
Kjelder
endre- ↑ Ethnologue 2005; gutnisk har 5000 morsmålsbrukarar og 10 000 annaspråksbrukarar
- ↑ Sveriges Utbildningsradio (UR): Gutamål och gotländska
- ↑ Bibeltexter av kyrkoherden Jacob Tofténius (Jacob Sudergute).
- «Gotland» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Gutniska» frå Wikipedia på svensk, den 26. november 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Gutamålsgildet ved gutamal.org
- Gutamålet: Om det gutniska språket. ved gutamal.orgDenne språkartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.