Gould Coast
Gould Coast (Koordinatar: ) er den delen av kysten av Antarktis som ligg langs den austlege delen av Ross isbrem mellom vestsida av Scott Glacier og sørenden av Siple Coast ( ). Han vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee i 1961 og kalla opp etter Laurence M. Gould, ein geolog som var nestkommanderande på Byrd-ekspedisjonen, 1928–30. Gould leia det geologiske laget som i 1929 kartla 280 km av denne kysten. Då han var leiar for Carleton College i Northfield i Minnesota, vart han styreleiar for U.S. National Committee for Det internasjonale geofysiske året og spelte ei viktig rolle i planlegginga av det amerikanske forskingsprosjektet for Antarktis.[1]
KjelderEndra
- ↑ «Gould Coast». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 1. mai 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gould Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).