Grønlifjellet
(Omdirigert frå Grønnlifjellet)
Grønlifjellet er eit fjell i Gulen kommune i Vestland. Det ligg rundt 3 km austom Risnefjorden, og 2 km austom Synnlikletten. Største høgda er 695 meter over havet. Det er bratte fjellsider mot Fossedalen i aust og mot Grønnlivatnet i nord, medan det i sør og vest er slakare hellingar. I nordaust ligg fjellet Setane, som er skilt frå Grønlifjellet med eit kort skar. Mellom Grønlifjellet og Synnlikletten ligg Skiddalsvatnet, som er utspring for Oppedalselva.
Grønlifjellet | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Grønlifjellet 61°00′12″N 5°32′48″E / 61.003333333333°N 5.5466666666667°E |