Grünsee
- Denne artikkelen handlar om innsjøen i Italia. For innsjøen i Sveits, sjå Grünsee i Zermatt.
Grünsee (italiensk Lago Verde) er ein liten innsjø i den vestlegaste delen av Pflerschdalen (ein sidedal til Isarco nedanfor Brenner) i ei høgd på 1 680 meter over havet.
Grünsee | |||
innsjø | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Fjellvatn | ||
Utløp | Fernerbach og Pflerscher Bach (underjordisk) | ||
Høgd over havet | 1680 moh. | ||
Areal | 0,007070 km² | ||
Grünsee 46°57′52″N 11°16′58″E / 46.96444444°N 11.28277778°E |
Som eit typisk fjellvatn er vatnet svært reint og er kaldt sjølv på sommaren. Kjelda til innsjøen er regnvatn og smeltevatn frå is og snø. Stundom har vatnet ein grønaktig farge, som har gjeve namn til innsjøen. Her finst fisk som aure og karpe.
Vatnet i innsjøen renn ut under bakken via Fernerbach
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Grünsee frå Engelsk Wikipedia .