For andre tydingar av oppslagsordet, sjå bombekastar.

Granatkastar er eit våpen som kaster ein granat lenger og meir presist enn ein soldat klarer for hand. Granatkastarar finst som separate handvåpen, som tilbehøyr til gevær og som støttevåpen på ulike typar montasjar.

M4 Carbine med granatkastar.
Granatkastarar frå 1800-talet.

Nokre døme på separate handvåpen er amerikanske enkeltskots M79 og sørafrikanske Milkor MGL. Døme på tilbehøyr til gevær er amerikanske M203 og tyske Heckler & Koch AG36. Nokre døme på fastmonterte støttevåpen er amerikanske Mk 19 og russiske AGS-30.

Dei vanlegaste kalibera på granatkastarar er 40 mm for vestlege våpen og 30 mm for tidlegare austblokkvåpen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre