Granekupa
Granekupa er eit stadnamn[1] på garden Fitje i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Granekupa ligg nær grensa mellom gardane Mardal, Kandal, Fitje og Gjengedal.
Fiskevatn
endreDet ligg to vatn i Granekupa, Inste Granekupvatnet og Yste Granekupvatnet, det er sett ut fisk i båe. Dette skal ha blitt gjort så tidleg som på 1930-talet.[2]
Bygginga av Granekuphytta
endreSauehald var ein vanleg del av landbruket på garden Fitje. Om våren vart sauene jaga opp i fjella sør mot Hyen og Jølster og om hausten måtte dei sankast ned att i grenda. Det siste kunne vere tungt arbeid om det var dårleg ver eller djup snø.
Knut P. Fitje, Kåre Mardal og Olav Gimmestad freista i 1947-48 å gjere butikk på sauesanking og dei tre tok på seg å sanke for alle bruka på Fitje. Det vanlegaste utgangspunktet for sauesankinga på Fitje hadde fram til då vore Fitjestøylen, inst i Langedalen. Sauene gjekk likevel vidt ikring - og for å lettare nå lenger inn i fjellet bestemte karane seg for å setje opp ei lita hytte inne på Granekupa.[3]