Granskeren var eit norsk tidsskrift som kom ut i tida 1840–1843. Bladet vart skipa av Ludvig Kristensen Daa, som på denne tida også var statsrevisor. Det var boktrykkar Johan Jørgen Krohn som gav ut bladet, medan Daa var redaktør og skipa bladet for at det skulle vere eit talerøyr for opposisjonen. Her uttalte Daa seg frimodig og nådelaust, og fekk fleire rettsprosessar på nakken. Spesielt førte verksemda til brot med venen Henrik Wergeland.

Seinare redigerte Daa Den norske tilskuer, som kan reknast som ei vidarføring av Granskeren.