Grasminimum er den lågaste temperaturen målt av eit termometer plassert i nivå med kortklypt gras. Med slike målingar kan ein få ein god indikasjon på førekomst av bakkefrost, noko som er viktig for mange typar vegetasjon. På stille, klåre netter kan grasminimum verte fleire grader lågare enn minimumstemperaturen målt i vanleg termometerbur, der instrumenta ofte heng kring to meter over bakken.

Kjelder endre

«gressminimum» i Store norske leksikon, snl.no.