Gray er ei avleia SI-eining for måling av absorbert strålingsdose av ioniserande stråling. Éin gray er absorberinga av ein joule strålingsenergi per kilogram masse. Ein gray tilsvarar òg 100 av den eldre eininga rad. Symbolet for gray er Gy.

Eininga blei definert i 1975 og fekk namn etter Louis Harold Gray (1905-1965), som kom med ein liknande definisjon: «mengda av nøytronstråling som fører til ein energiauke i ei volumeining av vev lik energiauken i ei volumeining vatn av ein røntgenstråling» i 1940.

Gray blir særleg brukt innan medisin, til å måla absorbert strålemengd innan strålingterapi. Men grayen måler berre dei fysiske effektane av stråling. Den biologiske verknaden kan variera etter kva stråletype, kva energi og kva organismar og vevstypar som er involverte. Eininga sievert er tilpassa denne problemstillinga.