Grethe Støa Birketvedt

Grethe Støa Birketvedt (fødd 17. september 1942) er ein norsk forskar, lege med doktorgrad, musikar og forfattar.[1][2] Ho har gjeve ut fleire bøker om slanking.

Grethe Støa Birketvedt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. september 1942 (82 år)
Yrke skribent, lege, forskar

Birketvedt avla doktorgraden sin ved Universitetet i Tromsø i 1995 og forska ved University of Pennsylvania frå 1995–2000 og ved Mount Sinai School of Medicine frå 2000 til 2006.[3] Ho har sidan arbeidd ved Oslo Universitetssjukehus og Universitetssjukehuset i Tromsø med overvekt og fedme. Ho er enno aktiv som forskar. Birketvedt har publisert over 45 forskingsartiklar, har skrive fleire bøker, både fagbøker, barnebøker, musikalar og diktsamlingar.[4] Den siste fagboka for personar som ynskjer å endra livsstilen sin er Med Kroppen I Hodet, ei bok som fortel om regulering mellom hovudet og kroppen når det gjeld mettheit og svolt. Den siste boka ho har gjeve ut kom i 2016 og er ein barnebok med tittelen Innsjøen som gråt.

Grethe Støa Birketvedt har fleire patentar innan overvekt og fedme. Ho er brukt som foredragshaldar innanfor sitt fagfelt.[5][6]

Grethe er også medlem av Editorial panel for 2 av E-Cronicon sine tidsskrift; Nutricion og Neurology.[7][8]

Ho vart i 2008 skulda av VG for å vera æresprofessor ved eit falskt universitet og for å ha forfalska akademiske dokument.[9]

Bibliografi

endre
  • På avstand (Lyrikk, 1977)
  • Det er dager (Lyrikk, 1979)
  • Musikklek (Plate/CD, 1980)
  • Musikklek (Barnebok, 1980)
  • Hildelin – et symfonisk dikt (Lyrikk, 1980)
  • Lattergata 3 (Dramatikk, 1986)
  • Cirkus i by’n (Dramatikk, 1993)
  • I planetens lys (Lyrikk, 1993)
  • Vriompeisen (Musikk, Musikkforlag, 1997)
  • Vektreduksjon (Sakprosa, Tano, 2000)
  • Med kroppen i hodet (Sakprosa, Versal, 2008)
  • Innsjøen som gråt (Barnebok, To Streker 2016)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre