Grevskap
Wikimedia-fleirtydingsside
Eit grevskap var opphavleg eit område styrt av ein greve, og har seinare i større grad blitt knytt mest til tittel til greven.
I det tysk-romerske riket fanst det fleire grevskap som var de facto-suverene statar inntil 1803. Fleire engelsktalande land bruker framleis county, 'grevskap', som namn eller tittel på administrative einingar.
I Noreg har det eksistert to grevskap: Laurvigen grevskap og Jarlsberg grevskap.