Grunne

en del av havet som er grunt sammenlignet med området rundt

Grunne eller banke er eit større eller mindre område i hav, sjø, vatn eller seglbare elvar der botn ligg høgare opp mot vassflata enn i områda ikring. Grunna kan liggje så høgt at ho er farleg for skipsfarten eller båttrafikken, som til dømes slike grunner som vert kalla rev vanlegvis vil vere.

Grunner i havet som ligg djupare enn at dei er til hinder for skipstrafikken, vil ofte vere gode stader for fiskeri, og vert då gjerne kalla fiskegrunner eller fiskebankar, som Doggerbank (òg kalla berre Dogger) og Fladen grunn (òg kalla berre Fladen) i Nordsjøen, og Trænabanken og Haltenbanken langs norskekysten er nokre få av ei mengd døme på.

Grunne er ofte òg ei nemning for ei strandsone der vatnet er særs grunt ut frå land eit stykkje; ein kan «symje eller vasse på grunna» før ein vert trygg og dugande nok til «å symje på djupet».

Bakgrunnsstoff endre

Sjå òg endre