Grunnfjorden i Hadsel
68°22′34″N 15°00′15″E / 68.37611°N 15.00417°E Grunnfjorden er ein liten fjord på austsida av Austvågøy i Hadsel kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2 km nordvestover til Grunnfjordvatnet.
Fjorden ligg ved Raftsundet og har innløp ved nordvestsida av Ulvøya som ligg midt i sundet. Garden Svartsundet ligg på austsida av innløpet til fjorden, men elles er det ingen busetnader ved fjorden.