Eit grunnfondsbevis er eit eigenkapitalinstrument knytt til sparebanknæringa.

Sparebankane sine grunnfondsbevis har klare likskapar med aksjar. Forskjellen knyter seg først og fremst til eigarretten til selskapsformua og innflytnaden i banken sine organ. Det er òg sett restriksjonar på utbyttetildelinga ved at det årlege utbyttet inkludert avsetning til utbyttereguleringsfond er avgrensa til grunnfondsbeviseigerane sin andel av eigenkapitalen multiplisert med overskotet (etter korreksjon for fond for vurderingsforskjellar).

Dei første grunnfondsbevisa vart introdusert i 1988. Dei utgjer ein viktig del av sparebankane sin kapitalbase. 8 av dei 10 største sparebankane har utstedt grunnfondsbevis, og eigarandelen i den enkelte banken varierer frå 10 til 60 prosent. I alt er det 22 sparebankar som har utstedt grunnfondsbevis, av desse er 19 børsnotert.

Bakgrunnsstoff endre