Opna hovudmenyen

Gudmund Larsson Årvik (2. januar 17846. oktober 1874) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Vikebygd i Sveio. Torbjørn Gunnarsson Sandvik var morfar hans.

Gudmund Larsson Årvik
Fødd 2. januar 1784
Sveio
Død

6. oktober 1874

Yrke bonde, politikar

Årvik var son av ein gardbrukar og tok i si tid over farsgarden. Han levde på garden livet ut. Årvik var stortingsmann frå Søndre Bergenhus amt 1830, 1833 og 1839. På alle stortinga var han medlem av kyrkjekomiteen, i 1830 og 1833 var han også medlem av matrikuleringskomiteen.

KjelderEndra