Guillaume Joli
Guillaume Joli (fødd 27. mars 1985) er ein fransk tidlegare handballspelar. Han er verdsmeister tre gongar, europameister to gongar og vart i 2012 olympisk meister med Frankrike sitt sigerrike landslag. Han spelte høgrekant.
Guillaume Joli | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 27. mars 1985 (39 år) Lyon |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2012 |
Utmerkingar | Ridder av Æreslegionen |
Karriere
endreLandslagsspel
endreJoli deltok i 118 landskampar i tida 2006-15, skåra 346 mål. Åra frå 2009 til 2015 sanka han nesten årleg ein gullmedalje med franske landslaget i antan verdsmeisterskap, europameisterskap eller olympiske leikar.
Klubbspel
endreFrå 2004 til -10 spelte Joli på det franske topplaget Chambéry, eit lag som kom på andreplass i landsserien fire gongar desse åra. Deretter var han to sesongar i kvar av laga Valladolid, Dunkerque og Wetzlar. Han avslutta med spel for Dunkerque i tida 2016 til -19. Hans einaste triumf på klubbnivå kom i den franske ligacupen med Dunkerque i 2013.
Merittar
endre- OL-gull: 2012 med Frankrike
- VM gull: 2009, 2011, 2015 med Frankrike
- EM-gull: 2010, 2014 med Frankrike
- Fransk ligacupvinnar: 2013 for Dunkerque
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Guillaume Joli» frå Wikipedia på fransk, den 12. januar 2024.