Gurnard Bay
Gurnard Bay er ei bukt på nordvestkysten av Isle of Wight i England. Ho ligg nordvest for landsbyen Gurnard, som ho har namn etter. Kystlinja er 2 km lang og svingar svakt. Ho strekkjer seg frå Gurnard Head i vest til Egypt Point i aust.
Havbotn er ei blanding av gjørme og sand. Stranda består hovudsakleg av grus.
Ei lita elv, Gurnard Luck, munnar ut i bukta i sørvest.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gurnard Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2010.