Guru purnima er ei hinduhøgtid der hinduar kan tilbe den religiøse leiaren, guruen, sin. Purnima tyder 'fullmåne', og høgtida finn stad ved fullmåne i månaden asjadh. Denne dagen vil hinduar som har ein guru meditera over han og tilbe han personleg eller gjennom eit bilde.

Guruen Sri M under guru purnima.

Feiringa er til minne om Vyasa, ein skikkelse som er tillagd diktinga av delar av det hinduiske storverket Mahabharata og fleire puranaer, og den firdelte sorteringa av Vedaene.

Guru purnima er også ei høgtid som gjerne fell ved byrjinga av regntida. For bønder vil dette seia at markene får sårt trengt vatn og gjev nytt liv. Overført til det andelege er høgtida rekna som ei god tid å byrja religiøse studie på. Dei fire månadene det regner har tradisjonelt også vore ei tid der vandrande asketar pleide slå seg ned éin stad for å studera og tala om sutraer.

Kjelder endre