Gustav Adolfs torg
Gustav Adolfs torg er eit torg i bydelen Norrmalm, Stockholm, oppkalla etter Gustav II Adolf. Torget fekk sit noverande namn i 1805, og heitte før det mellom anna Malmtorget og Norrmalmstorget. Torget ligg ved Norrbros nordre ende og her møter brua Strömgatan, Fredsgatan, Malmtorgsgatan og Regeringsgatan. Torget vert rekna som eit nullpunkt i Stockholm, herfrå reknast alle avstandar på vegane i Sverige, opphavleg låg nullpunktet ved Storkyrkobrinken / Västerlånggatan.