Gustav Gjøs
Gustav Christian Gjøs (20. januar 1810–29. juni 1889) var ein svensk-norsk målarmeister og stortingsmann.
Gustav Gjøs | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. januar 1810 Strömstads kommun |
Død |
29. juni 1889 (79 år) |
Yrke | kunstmålar, politikar |
Språk | norsk |
Gjøs var fødd i Lorumland i Sverige. Faren hans innvandra til Noreg, slo seg ned i Fredrikshald som handelsmann. Sjølv gjekk han i målarlære hos broren, kunstmålaren Ferdinand Gjøs i Christiania, vidareudanna seg i København og var frå 1828 målarmeister i Fredrikshald.
Frå 1837 var Gjøs medlem av det fyrste bystyret i Fredrikshald, medlem i bystyret til og med 1849. År 1851 representerte han Fredrikshald på Stortinget, der han var medlem av bankkomiteen.
Gjøs døydde i Berg i Østfold i 1889.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Gustav Gjøs NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv