Gustav Natvig
skipsreiar og stortingsmann frå Kristiansand
Gustav Johannes Natvig (7. juni 1869–13. desember 1946) var ein skipsreiar og stortingsmann frå Kristiansand.
Gustav Natvig | |||
Fødd | 7. juni 1869 | ||
---|---|---|---|
Død | 13. desember 1946 (77 år) |
Natvig var son til ein skipsreiar. Sjølv var han sjømann frå han var 15 år gammal, skipper 1894–1898 på dampskip. Sidan var han skipsreiar i heimbyen, frå 1912 disponent for eit dampskipsselskap. Han var medlem i bystyret, hamnestyret og formann i reiarlagsforeininga i Kristiansand. På statleg nivå var han medlem av ein departemental komite om Amerikalinja, og ein appell-kommisjon vedkomande ulukkesforsikringa for sjømenn. Stortingsperioden 1910–1912 representerte han einmannskrinsen Fæstningen og Samlingspartiet, på Stortinget var han medlem i Næringskomite nr 2.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.