Guvernementet Estland

Эстляндская губерния
Estljandskaja gubernija
Guvernementet Estland
Guvernement i Det russiske riket

1721–1917

Våpen of Estland

Våpen

Location of Estland
Location of Estland
Guvernementet Kurland, Guvernementet Livland og Guvernementet Estland i Det russiske riket
Historie
 - Oppretta (de facto) 9. juni 1719
 - Oppretta (de jure) 10. september 1721
 - Nytt namn 1796
 - Fekk sjølvstyre 12. april 1917

Guvernementet Estland (russisk Эстляндская губерния eller Estljandskaja gubernija) var eit guvernement i Det russiske riket i det som i dag er Estland.

Fram til seint på 1800-talet vart ikkje guvernementet styrt av Russland, men administrert sjølvstendig av ein lokalt balttysk adel gjennom eit føydalt regionsråd (tysk Landtag).[1]

Guvernementet vart òg kalla Hertugdømet Estland som Russland tok frå Sverige i 1721 [2]. Dei russiske tsarane hadde tittelen hertugar av Estland (russisk Князь Эстляндский).

I starten vart guvernementet kalla Guvernementet Reval etter byen Reval, som i dag heiter Tallinn. Det vart oppretta i 1719 av områda erobra frå Sverige under den store nordiske krigen. Dei tidlegare landområda i Svensk Estland vart formelt avstått til Russland med freden i Nystad i 1721. Under den påfølgjande omorganiseringa fekk guvernementet i 1796 namnet Guvernementet Estland. Medan styret til dei svenske kongane hadde vore forholdsvis liberalt med større grad av sjølvstyre for bondestanden, vart regimet strengar under dei russiske tsarane og liveigenskapen vart ikkje avskaffa før 1819.

Guvernementet bestod av den nordlege delen av dagens Estland, om lag Harjumaa inkludert Tallinn, Vest-Virumaa, Aust-Virumaa, Raplamaa, Järvamaa, Läänemaa og Hiiumaa. Den 30. mars 1917 vart det utvida til å inkluderte det nordlege Livland, og Det autonome guvernementet Estland vart oppretta. Etter den russiske revolusjonen i 1917 vart Tallinn verande under sovjetisk kontroll fram til 24. februar 1918, då Estland fekk sjølvstende.

Kjelder endre

  1. Smith, David James (2005). The Baltic States og Their Region. Rodopi. ISBN 9789042016668. 
  2. Bojtár, Endre (1999). Foreword to the Past. Central European University Press. ISBN 9789639116429.