Ein gyngestol er ein stol med to meiar, ein mei festa til dei to venstre stolbeina og den andre meien festa til dei to høgre stolbeina. Dette gjev gyngestolen kontakt med bakken på berre to stader, slik at han kan gynga fram og tilbake ved at personen som sitt på gyngestolen kan lene kroppsvekta fram og tilbake, og stolen gyngar. Gyngestolar er ofte laga av trevirke.
Meininga med gyngestolar er at den som sit i stolen skal kunne gynge seg att og fram i eit sakte tempo for å finne avslapping og ro.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.