Häggvik i Sollentuna
Häggvik er ein del av Sollentuna kommun nord for Stockholm i Sverige. Häggvik ligg vest i kommunen og er avgrensa av friluftsområdet Järvafältet og E4. I Häggvik er det eit stort handelsområde, Stinsen og ein stormarknad. Den første skolen i Sollentuna er her, Klasroskolan, og er i dag skolemuseum. Ein av dei største skolane i kommunen er Häggviksskolan. Häggviksleden passerer rett gjennom Häggvik.
Häggvik | |||
kommunedel | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Häggvik i Sollentuna 59°26′39″N 17°55′56″E / 59.444167°N 17.932222°E | |||
Wikimedia Commons: Häggvik, Sollentuna Municipality |
Lokaltogsstasjonen
endreHäggvik er ein stasjon på Stockholms lokaltogsnett, greina mot Märsta, 15,3 km frå Stockholm C. Den blei opna som lokaltogshaldeplass på daverande Norra stambanan (som nå inngår i Ostkustbanan) i 1932. Grunn til haldeplassen blei donert til SJ av eigaren J.A.O. Häggberg, som au gav namnet Häggvik.
Det er au ein busshaldeplass her der rutene 520 Sollentuna station – Holmboda og 598 Centralen – Upplands Väsby (nattbuss) stopper. Dei er i rutenettet til Storstockholms Lokaltrafik
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |