Händel-Werke-Verzeichnis
Händel-Werke-Verzeichnis (HWV) er den mest brukte katalogen over verka til Georg Friedrich Händel. Han er ordna tematisk og blei utarbeidd mellom 1978 og 1986 av Bernd Baselt og presentert i Händel-Jahrbuch (HJb) som Verzeichnis der Werke Georg Friedrich Händels.
Seinare er det gjort korrektur og lagt til nokre utvidingar, men den opphavlege nummereringa er stort sett intakt.
Den tematiske katalogen viser opningstaktene for kvart verk og gjev omfangsrik informasjon om originalmanuskript, tidlege trykk osb.
Det finst tidlegare forteikningar, blant anna av John Mainwaring (London 1760), Charles Burney (London 1785), W. S. Rockstro (London 1883), W. C. Smith (HJb 1956), A. C. Bell (1972).
HWV | Kategori |
---|---|
1–42 | Operaer |
43–45, 218 | Leilegheitsmusikk |
46–48, 50–71 | Oratorium |
49, 72–76 | Oder og maskespel |
77–177 | Kantater |
178–199 | Italienske duettar |
200, 201 | Italienske trioar |
202–210, 269–277, 284–286 | Salmar |
211–217, 219–227 | Italienske ariar |
226, 228 | Engelske songar |
229 | Tyske kyrkjekantater |
230, 233, 234, 244, 245 | Italienske heilage kantater |
231, 239, 240, 242 | Motettar |
232, 236–238 | Psaltersalmar |
235, 241, 243 | Antifoner |
246–268 | Hymner |
278–283 | Lovsanger |
287–311, 343 | Konsertar |
312–335 | Concerti grossi |
336–345, 347–356, 413 | Orkesterverk |
357–379, 406–409, 412, 419–421 | Solosonatar |
380 to 405 | Triosonatar |
346, 410, 411, 414–418, 422–424 | Verkar for blåserensembler |
425–612 | Klaververk |
A1, A3, A4, A6–A9, A10, A12 | Appendiks: arrangement av verka til andre komponistar |
Merk til at det er hol og uregelmessegheiter i HWV-systemet, så tabellen over bør berre reknast som rettleiande.
HWV-systemet kan ikkje brukast til å utleia at Händel komponerte akkurat 612 verk. Kombinasjonen a unummererte verk, tapte verk, verk som er feilaktig tilskrivne Händel, spuriøse verk, variantar (eksempelvis HWV 251 a-d), grupperte verk (t.d. HWV 229 1-7) og arrangement (t.d. HWV 482 1-4) gjer det umogleg å avgjera det eksakte talet på verk Händel komponerte.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Händel-Werke-Verzeichnis» frå Wikipedia på bokmål, den 28. desember 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- (de) Verkfortegnelse valgfritt sortert på HWV-nummer, opustall, tilblivelsesår, tittel og musikksjanger
- Katalog etter HWV (av Brad Leissa)