Håløygminne er eit lokalhistorisk tidsskrift for Nord-Noreg. Tidsskiftet vart starta av Hans Eidnes i 1920, som eit organ for arbeidet i Hålogaland Historielag, som vart skipa 8. mai same året.

Redaktørar av Håløygminne har vore Hans Eidnes (1920-1962), Asbjørn Eidnes (1962-2008) og Vidkunn Eidnes (2009-2020). Frå 2021 har Sør-Troms Museum tatt over produksjon og administrasjon av Håløygminne.

Tidsskriftet inneheld stoff om nordnorsk historie, folkeminne og tradisjon. Både profesjonelle historikarar og amatørar har publisert stoff i tidsskriftet.

Bakgrunnsstoff endre