Högvålen i Härjedalens kommun i landskapet Härjedalen er den grenda med fast busetnad i Sverige som ligg høgast, på 830 meter over havet. Grenda er omkransa av fjellryggar og vide myrområde. Fedrift har vore næringsgrunnlaget, korn har det ikke vore råd å dyrke i denne høgda. Fisket i sjøane Norra Ränningarna i nærleiken er bra i byrjinga av juni, etter isløysinga som går føre seg sist i mai.

Fylkesveg (länsväg) 311 gjennom Högvålen

Per august 2017 er det 11 fastbuande i grenda. På det meste har grenda hatt 100 fastbuande på ti gardar.

Grenda ligg fint til i Härjedalen, med hytter til utleige for dei som ynskjer å dyrke friluftslivet. Det er om lag 30 minutter med bil nordover til Tännäs, og om lag ein time sørover til Särna i Älvdalens kommune i Dalarna. Frå fjelltoppane i området er det milevis utsyn, mellom anna inn i Noreg. Om sommaren beitar det tamrein i området, og her er òg bjørn, elg, tiur og anna vilt.

BakgrunnsstoffEndra