Høghæla sko

(Omdirigert frå Høge hælar)

Høghæla sko er ein type sko som løftar hælen markant meir enn tærne.

Eit par svært høghæla sko: Stilettsko
Louboutin Pigalle Follies Suede Paillette animasjon (skl designa av Christian Louboutin)

Historie endre

Høge hælar blei innført for at føtene til ryttarar skulle bli verande i stigbøylen. Ved å gå med ridestøvlar framstod menn som høgare, og dette danna etterkvart mote.

Den eldste høge støvelhælen er frå omkring 1540 og frå England.[1] Bruken av høge hælar kan belasta ledda i framfoten, sidan mykje av vekta frå kroppen kan kvila på dei. Tærne går nokre gangar inn i ei smal, spiss tå i skoen, noko som kan forverra belastninga.

Sko med halvhøge hælar endre

Med ein halvhøg hæl (pumps) kviler ein del av kroppsvekta på fothola.

Stilettsko endre

Stilettsko (eller stilettar) er høghæla sko med smale stiletthælar. Dette er høge tynne hælar, som det krev øving for å gå med. I stilettar kviler kroppsvekta ikkje berre på fotsolen, men òg på sidene og i noko grad på oversida av foten.

Kjelder endre

  1. side 42. Shoes ISBN 978-0-500-51212-8

Litteratur endre