68°24′59″N 15°46′04″E / 68.41639°N 15.76778°E / 68.41639; 15.76778 Høkfjorden er ein fjord i Lødingen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 4 km nordover til Høkfjordhalsen.

Fjorden har innløp mellom Klubban i vest og Svensgam i aust. Garden Sneisa ligg på vestsida av fjorden ved innløpet. Innover i fjorden er det ingen andre busetnader, men Riksveg 837 går langs heile vestsida.