H.C. Andersens Lind
H.C. Andersens Lind er eit stort einstamma lindetre i Augustenborg Slottspark. Fram til 2020 var treet 28 meter høgt og hadde ein omkrins på 5,3 meter.[1]
H.C. Andersens Lind | |||
| |||
Stad | Augustenborg | ||
---|---|---|---|
Land | Danmark | ||
H.C. Andersens Lind 54°56′36″N 9°51′49″E / 54.94344°N 9.8636°E |
Under treet er det ein benk med utsikt over Augustenborg Fjord der det blir at sagt H.C. Andersen fann skugge og inspirasjon til eventyra sine.[2] H.C. Andersen var på Augustenborg Slott 11.-29. september 1844 som gjest av hertugen av Slesvig-Holsten-Sønderborg-Augustenborg Christian Carl August og hertuginne Louise Sophie. Andersen hadde tidlegare vitja kongeparret på øya Før i Vadehavet, der han møtte hertuginna av Augustenborg, som inviterte han til å besøka slottet.[3]
H. C. Andersen-linda blei svært skadd under ein sterk storm i 2020. Tilbake står ein avbroten stamme som har fått nye skot. Stammen blir halden opprett ved hjelp av to jernbjelkar som kommunen har sett opp i eit forsøk på å verna det historiske treet.
Galleri
endre-
H. C. Andersens Lind i april 2019
-
Inskripsjonen på stammen: I ly af denne Lind havde Eventyrdigteren H.C. Andersen en Hvileplads under sine Besøg paa Augustenborg
-
Den sterkt reduserte linda i august 2020
Kjelder
endre- ↑ «H. C. Andersens Lind - Augustgenborg». Dansk Træregister. Dansk Dendrologisk Forening. 14. desember 2014. Henta 12. mai 2019.
- ↑ «Augustenborgstien. Vandrerute» (PDF). Naturstyrelsen. desember 2009. Henta 12. mai 2019.
- ↑ Historisk Atlas, Augustenborg Slot, Parken: http://historiskatlas.dk/Augustenborg_Slot_(2966)
- Denne artikkelen bygger på «H.C. Andersens Lind» frå Wikipedia på dansk, den 23. februar 2022.