Haakon County
Haakon County er eit fylke i den amerikanske delstaten Sør-Dakota.
Haakon | |||
county | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 4 732 km² | ||
Folketal | 1 872 (1. april 2020)[1] | ||
Haakon County 44°18′N 101°32′W / 44.3°N 101.53°W | |||
Haakon County i Sør-Dakota er markert med raudt.
| |||
Wikimedia Commons: Haakon County, South Dakota |
Det ligg i dei sentrale delane av delstaten og grensar til Ziebach County i nord, Stanley County i aust, Jones County i søraust, Jackson County i sør og Pennington County i vest.
Det totale arealet i Haakon Countys er 4 732 km², der 37 km² av dette er vatn. Administrasjonssenteret ligg i byen Philip.
Fylket vart grunnlagt i 1914 og er oppkalla etter kong Haakon VII av Noreg. Det er det einaste fylket i Sør-Dakota som er oppkalla etter ein ikkje-amerikansk person.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.