Hadsund
Hadsund (ha̝ð̠ˠ̞ˈsɔ̟̝nˀ) er ein by i Jylland i Danmark. Byen har 5 003 innbyggjarar per 2018, i tillegg kjem Hadsund Syd med 482 innbyggjarar.[1] Han ligg for det meste på nordsida av Mariagerfjorden. Byen ligg i Mariagerfjord kommune og tilhøyrer Region Nordjylland. Fram til 2007 var han administrasjonssenter i den dåverande Hadsund kommune. I dag er Hadsund den nest største byen i Mariagerfjord kommune etter Hobro.
Hadsund | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Kommune |
Danmark Region Nordjylland Mariagerfjord kommune | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - By (2015) |
5 003 | ||
Koordinatar | 56°43′6″N 10°7′6″E / 56.71833°N 10.11833°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: Kommunal heimeside |
To store selskap har hovudkvartera sine i Hadsund, Trip Trap og Nilfisk ALTO.
Forfattaren Hans Kirk (1898-1962) vart fødd i Hadsund.
Kjelder
endre- ↑ «Statistikbanken Tabel BY1: Folketal 1. januar efter byområde, alder og køn». Danmarks Statistik.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hadsund